Vêrvarslinga på Vestlandet varslar sørvest sterk kuling langs kysten. Ved Stad kan vinden auke til sterk storm.
- Har du bilete eller video frå stormen? Send dei til sf@nrk.no
– Det kjem eit ganske kraftig lågtrykk innover fylket i dag. Vinden har begynt å auke i sør. Det blir bra med vind på Stad, faktisk hakket før orkan, seier statsmeteorolog Arnstein Tjøstheim.
Vindstyrken toppar seg utpå ettermiddagen, men det vil også vere bra med vind no i føremiddag.
Nedbøren vil kome som regn og snø og det er mogleg det vil bli torevêr. Ifølgje Tjøstheim er det også stor snøskredfare i heile fylket i dag.
- LES OGSÅ:
På laurdag skal det bli sørleg liten kuling 12 meter per sekund med dreining til sørvest stiv kuling 15. Det skal kome regn og snø over 600 meter.