Hopp til innhold

Ras og rasfare stengjer 12 vegar

Store nedbørsmengder stengjer ei rekkje vegar i Sogn og Fjordane torsdag kveld. – Det er kanskje greitt å halde seg heime, er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen

Ras på fylkesvegen til Veitastrond

EITT AV MANGE RAS: Dette raset stengjer fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond.

Foto: John Molland

– Den verste nedbøren er vel ikkje komen. Den er meldt seinare på kvelden, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Roger Nedberge Hille

ÅTVARAR: Det kan komme både vatn og stein i vegbanen, åtvarar Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen. Han trur han ville ha halde seg heime torsdag kveld.

Foto: Privat

Han har 12 vegnummer på lista over strekningar som er stengde grunna ras eller rasfare. Dei fleste blir ikkje opna att før tidlegast fredag (sjå liste nedanfor).

– Den siste hendinga var eit lite ras i på E39 Ytredalen nord for Vadheim. Her skal dei snart vere ferdig med å rydde vegen, slik at den blir open for fri ferdsle etter manuell dirigering, opplyser Nedberge Hille.

Stikkrenner går tette

Etter store vanskar grunna snøfall onsdag, har situasjonen på dei viktigaste hovudvegane betra seg torsdag. Både på E39, E16, Rv 5 og Rv 15 skal forholda vere greie. Men mange stader langs vegnettet er vatnet nær ved å flaume over. Entreprenørar og vegvaktarar er ute over heile fylket for å sjå til vegane.

– Det er særleg problem med stikkrenner som går tette og renn over. Så dei reiser rundtog sjekkar.

I tillegg til fjellovergangane Aurland – Hol, Årdal – Tyin og Vikafjellet er fleire fylkesvegar stengde. Mellom anna fv. 609 som mange pendlarar nyttar mellom Askvoll og Førde.

– Hald deg heime

E16 Borgund

GREITT PÅ HOVUDVEGANE: Dette biletet er frå E16 ved Borgund Lærdal torsdag kveld.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

Nedberge Hille fortel om ein jamn straum av telefonar til sentralen i Lærdal.

– Vi har ein jamn pågang av telefonar. Vi har ein på vent heile tida.

Vaktoperatøren rådar dei som absolutt ikkje må ut på rasfarlege vegar om å halde seg i ro.

– Ein må vere obs. Det kan vere både vatn og steinar i vegen, og det er vanskeleg å sjå i mørket. Det kan vere greitt å halde seg inne i kveld.

Desse vegane er stengde torsdag kveld:

  • Riksveg 13 Vikafjellet
  • Fylkesveg 50 Aurland – Hol
  • Fylkesveg 53 Tyin – Årdal
  • Fylkesveg 55 Balestrand – Dragsvik, Esefjorden (ferja går frå Balestrand)
  • Fylkesveg 92 Arnafjord – Vik
  • Fylkesveg 152 Ulvastad – Menes i Balestrand
  • Fylkesveg 241 Gudvangen – Bakka
  • Fylkesveg 243 Bell - Ås
  • Fylkesveg 337 Hafslo – Veitastrond
  • Fylkesveg 609 Askvoll – Førde v/ Hundsåna
  • Fylkesveg 616 Dombestein – Davik
  • Fylkesveg 691 Rønnekleivfossen – Gjengedal i Hyen
    Kjelde: Statens vegvesen. Ny vurdering blir gjort fredag

Ekstra båt- og bussruter

Fylkeskommunen har sett opp båtrute mellom Vik og Arnafjord grunna stengd veg. Båtrutene finn du her.

Dersom fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde framleis er stengd fredag morgon, blir det sett opp krisebussrute via Dalsfjordbrua. Rutetidene finn du her.

Luftputebåten einaste veg

John Molland

INNESTENGD: John Molland og dei nær 100 innbyggjarane på Veitastrond i Luster.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ein av dei som er råka av stengd veg er gardbrukar John Molland på Veitastrond i Luster. Dei nær 100 innbyggjarane i bygda er utan vegsamband til omverda etter at fylkesveg 337 vart stengd grunna ras.

Mjølkebonden som er vand med rasstengd veg tek likevel det heile med stoisk ro.

– Dette reknar vi ikkje som ras. Det er berre noko lite som ikkje gått over vegen, seier Molland til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Luftputebåten frammafrå

VEGEN UT AV BYGDA: Bygdefolket på Veitastrond har tradisjonen tru henta fram luftputebåten på Hafslovatnet for å halde kontakten med omverda.

Foto: John Molland

Har fått 75 cm snø på få dagar

Etter ein mild vinter har bygda inst langs Hafslovatnet dei siste dagane fått store mengder snø.

– Det var heilt bert her hin dagen. No har vi fått 75 cm snø på eit par-tre dagar. No i kveld er det snø og slaps i lufta, fortel Moland.

I mangel på bilveg brukar bygdefolket luftputebåt inn og ut av bygda.

– Vi har gjort to turar i dag. Halve vatnet er isfritt, så det gjekk fint, seier gardbrukaren som håpar stenginga blir kortvarig.

For bygdefolket på Veitastrond har vinteren 2013/2014 uansett vore ein av dei beste med tanke på rasfaren.

– Dette har vore ein kjempeflott vinter, ikkje snø og ikkje kulde. Vi kan gjerne få fleire slike vintrar, ler Molland.