12-åring påkøyrd ved barneskule

Ein 12 år gamal gut vart måndag ettermiddag påkøyrd ved Flatene skule i Førde.

Førde ulukke

KØ: Det har danna seg ein kø i bakkane nedanfor skulen der ulukka skjedde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har fått melding om at ein gut er påkøyrd ved Flatene skule, opplyser politiet til NRK.

Kollisjonen skjedde ifølgje politiet i eit kryss. Ein bil og ein sykkel var involvert. Politi og ambulanse vart sendt til staden. Guten skal ikkje vere alvorleg skadd.

– Han er sendt til sjukehus for kontroll, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser måndag kveld at 12-åringen er lettare skadd og på avdeling for observasjon.

Laster kart, vennligst vent...