Hopp til innhold

Nå er Kåre evakuert

22 personar er evakuert i Tyssedal etter steinraset tysdag. Kåre Høyland seier han vil sova i huset sitt i natt, trass rasfaren.

Kåre Høyland

Kåre Høyland fekk raset inn i hagen sin i går, og har sove på hotell i natt.

Foto: Egil Torheim / NRK

Politiet fekk melding om steinraset ved Tyssedal i Odda like etter klokka 9.30 tysdag . To skuleklassar frå Tyssedal barneskule var der då steinane kom rasande nedover fjellsida.

– Fleire elevar sprang vekk frå raset. Ein av elevane blei skada, han er sendt til Odda sjukehus, sa politioverbetjent Per Helge Sekse ved Odda lensmannskontor til NRK.no etter raset.

Får meir informasjon før neste veke

Onsdag kveld fortel avdelingsingeniør i Odda kommune, Eirik Lia, at det er lite sannsynleg at evakueringa vert oppheva før helga.

– Geologane arbeidar no med å finne ut kva risikoen er, og me vil få ei betre oppklaring etter helga, seier han.

Det er meldt regn i dagane framover, noko som kan auke rasfaren.

– Det kan komma ras i år, det kan komme om 50 år. No skal fagfolka gjere ei vurdering, og me vil komme med meir informasjon i neste veke, seier Lia.

11 husstandar på hotell i natt

I går kveld var geologar ute med helikopter for å sjå på rasområdet.

– Geologane oppdaga lause masser i terrenget og fryktar at dei kan skli ut. Difor fann me ut at det var tryggast å evakuera husa som ligg nærast inn under Tveitanuten, seier, seier Eirik Lia til NRK.no.

11 husstandar med til saman 22 personar i, blei evakuerte etter synfaringa på rasstaden. I går forlot dei tre murboligar og eit bustadhus for å tilbringa natta på ulike hotell i området.

«Eg må jo bestemma det sjøl. Hotellnatta gjekk utover ryggen min, eg sakna senga mi i natt.»

Kåre Høyland

– Flyttar heim att uansett

Ein av dei evakuerte er Kåre Høyland, som NRK snakka med etter raset i går. Han bur i huset som ligg nærast rasstaden, og fekk raset inn i hagen sin.

– Geologane fortel om steinblokker større enn campingvogner, som kanskje vil koma ned. Det såg heilt forferdeleg der oppe, fortel dei.

Men Høyland sov ikkje godt i hotellsenga, og vil flytta heim att i natt, sjølv om kommunen anbefalar han å halda seg vekke.

– Eg må jo bestemma det sjøl. Hotellnatta gjekk utover ryggen min, eg sakna senga mi i natt, seier han til NRK.no.

Video 312f332b-2c06-4620-ab58-bcaf447237d8.JPG

Steinar dundra nedover fjellsida i Tyssedal på tysdag. Det gråe midt i bildet er røyken frå steinraset.

Hjalp ungeflokken vekk frå raset

Då raset hadde gått i går, hjalp Høyland ungeflokken som flykta frå raset.

- Eg sprang ut på andre sida av huset og der traff eg ein heil skuleklasse som kom ut av skogen. Eg måtte berre springa opp i bakken og hjelpa dei, sa Høyland til NRK.no

Han hjalp dei vettskremte elevane og lærarane over gjerdet frå skogen og inn på eigedomen sin.

– Der hadde me opptelling etterpå, og sørga for at alle ungane var komne ut.

Kan ta ei veke å få avklart rasfaren

Odda kommune seier dei vil vera føre var og evakuera folk til geologar har vore oppe og sett på rasområdet igjen. Eirik Lia avviser ikkje at fleire husstandar kan bli evakuert.

– Me evakuerer til me har fått avklart situasjonen. Det får me forhåpentlegvis gjort i løpet av denne eller neste veke, seier Eirik Lia.

Kommunen samlar alle dei som bur på Tveitahaugen og i området rundt til informasjonsmøte klokka 15.00 i dag.