Hopp til innhold

10 personar i krangel - mann slått med rive

Politiet måtte ta hand om ein større krangel i Balestrand denne septembernatta.

Politi - (illustrasjon)
Foto: Yngve Tørrestad / NRK

– Krangelen skal ha utvikla seg utanfor ein serveringsstad i Balestrand, og vi har fått opplyst at det var over 10 ungdommar innblanda, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Det er uvisst kven som starta det heile, men det var norske og utanlandske ungdommar som var i krangel. Nokre av ungdomane hadde funne tak i slagvåpen som rive, opplyser politiet.

Ein som var blitt slått med riva i andletet trengde ikkje legehjelp i natt, medan ein utanlandsk mann vart henta med ambulanse.

– Det skal ikkje vere snakk om noko alvorleg, seier Holme.

Saka vert følgt opp av politiet.

Også i Førde fekk politiet melding om slåsting på ein serveringsstad. Her var det ein gjest som hadde gått til angrep på vaktene.

Vaktene hadde vist vekk gjestene frå serveringsstaden, og det var i samband med det at mannen gjekk til angrep. Ingen kom til skade, opplyser politiet.