Hopp til innhold

Person redda opp frå sjøen i Askøy - sendt til Haukeland

Klokka 06.47 melder brannvesenet at personen er redda opp frå sjøen.

– Han sat i fjæresteinane då dei første mannskapa kom fram. Dei fekk hjelpt han opp derfrå, seier vaktkommandør i 110-Vest, Håkon Myking, til NRK.

Mannen som hamna i sjøen er køyrd til Haukeland sjukehus for nærare undersøking, melder politiet. Han er vaken og medviten, men nedkjølt.

Tidlegare onsdag morgon rykte politiet til Strusshamn på Askøy etter melding om ein mann som låg i sjøen og heldt seg fast i eit tau. Eit vitne hadde sett mannen gå på ei gangbru, snuble og falle i sjøen.

– Mannen er vaken og medviten og det jobbast med å få han på land, skriv politiet.

Meldaren skal ha observert mannen ved båthamna i Strusshamn med kikkert, og det er førebels uklart korleis mannen har hamna i sjøen.

Brannvesenet på Askøy og dykkarar frå Sandviken rykte ut like før klokka halv sju onsdag morgon.

– Vi har fått melding om ein som har gått i sjøen, men vi veit veldig lite på noverande tidspunkt, seier Håkon Myking, vaktkommandør i 110-vest.

Det er forseinkingar på Askøyruta på grunn av redningsaksjonen, skriv Skyss på sine nettsider. Dei ventar normal drift frå Strandkaiterminalen klokka 07.15.