Hopp til innhold

Rektor åtvarar mot «plumbobombe»

Rektor ved Slåtten skule i Førde sende fredag ut melding til foreldre, der det blir åtvara mot plumboflasker. Skuleleiinga skriv at elevar fann ei plumboflaske med innhald i skogen over fotballbana. – Det ser ut til at nokon har prøvd å lage ei plumbobombe. Naboar har høyrd at det small i området her tidlegare denne veka. Plumbo er etsande og svært farleg, skriv rektor Turid Irene Hatlem. Ho stadfestar funnet overfor NRK og seier politiet er varsla. Foreldre blir no oppfordra til å snakke med borna og åtvare dei mot å ta i plumboflasker – om det skulle dukke opp fleire.

Slåtten skule
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK