Hopp til innhold

Funn av legionella på tannklinikk

Under ein rutinekontroll ved Førde tannklinikk førre veke, vart det avdekt legionella, skriv Firda.

Stabssjef i tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune, Clara Øberg, skildrar situasjonen som udramatisk og at dei raskt gjorde grep.

– Vi har nøye rutinar på dette. Med ein gong det vart avdekt. stengde vi ned stolane og sprøyta med Hydrogenperoksid, seier ho til avisa.