Hopp til innhold

Bil i grøfta

Ein bil køyrde fredag kveld av vegen ved Åsavegen i Gloppen. Bilen hamna i grøfta og trefte ein bergknaus, og er ikkje køyrbar. Kvinna som køyrde bilen kom frå det utan skadar. Ein hund som var i bilen er tatt med til veterinær for sjekk. Politiet har førebels ikkje tatt stilling til om dei skal opprette sak.