Oppdaga hærverk på skulen
Det har vorte oppdaga hærverk ved Sunde skule i Førde tre gonger i sommar, skriv Firda. Tilgrising, øydelagde takplater, fylling av silikonmasse i dørsprekker og limpistol limt fast i ein stikkontakt, er berre nokre av pøbelstrekane. Hærverka kunne ført til brann. No ber rektor Anne Kristin Finsveen Midtbø om hjelp til å oppklare saka.