Hopp til innhold

Dekkforhandlar fekk bot

Ein dekkforhandlar i Sunnfjord har fått 40.000 kroner i bot etter eit arbeidsuhell. Det var i april 2015 at ein arbeidar fall ned frå ein stige og fekk både brot- og slagskadar. Mannen vart sjukemeld i nær ein månad. Undersøkingar viste at stigen ikkje var tilstrekkeleg sikra.