Hopp til innhold

Ingen vart skadde i Sveio

Det står bra til med alle som var til stade, etter at det byrja å ryka kraftig frå det elektriske anlegget ved Sveio skule tidlegare i dag, fortel rektor Ben Jerry Ellingsen. På grunn av røyken og straumproblem ved skulen, får elevane på barnetrinnet fri i morgon, medan elevane på ungdomstrinnet skal møta til siste skuledag før ferien, som normalt.