Bensinstasjon og tre hus må vike
Ein bensinstasjon og tre hus må vike for å få den beste løysinga for E39 gjennom Førde. Rådmann Ole John Østenstad meiner Førdepakken ikkje kan finansiere å legge stamvegen i tunnel gjennom Hafstadfjellet. Torsdag tek planutvalet i kommunen stilling til prinsipp for kryssløysingane i Fjellvegen og kvar gang- sykkelveg skal plasserast langs E39.