Slåstkamp i Bergen sentrum
Politiet måtte bryte inn i ein slåstkamp i Bergen sentrum, der seks personar var involverte. Politiet fekk raskt kontroll på situasjonen, og ingen vart skadde. Éin person fekk pålegg om å forlate staden. – Det er uklart kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.