Hopp til innhold

Fleire køyrde på raudt

Tre bilistar må betale 6800 kr kvar etter å ha køyrd på raudt lys i Førde. Dei får også tre prikkar på førarkortet. Trafikkontrollen var ved vegarbeidsområdet på rv. 5 ved Bergum måndag morgon. Førre torsdag fekk to sjåførar forenkla førelegg same staden. Trafikkansvarleg Trond Hatlenes i politiet seier dei vil ha fleire kontrollar framover. – Vi håper folk er tolmodige og ikkje køyrer på raudt lys.