Nattestengt på Sognefjellet
Fylkesveg 55 over Sognefjellet vert nattestengt frå klokka 20.00 i kveld til klokka 08.00 onsdag morgon.
– Det er meldt snø og dårleg vêr. Og sidan det er dårleg mobildekning der oppe er det ikkje noko særleg å stå i grøfta der på sommardekk, seier trafikkoperatør Jan Erikstad.