Hopp til innhold

Over 50 millionar til idrettsanlegg

Sogn og Fjordane har i år fått historisk mykje i spelemidlar, pengar som skal brukast til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg. Frå kommunane i fylket kom det søknader om prosjekt til ein samla sum av 221 millionar kroner, og Regjeringa har no løyvd over 53 millionar kroner i spelemidlar. – Dette er svært gledeleg for alle innbyggjarane i fylket. Søknadsmassen er svært stor i 2017 og har stor variasjon og oppfyller visjonen til arbeidet på feltet, som er fysisk aktivitet for alle, seier rådgjevar fysisk aktivitet og idrett, Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune.