Mangla skilt - vart avskilta
Bilføraren måtte ta beina fatt etter at han vart stogga av politiet i Florø. Bilen mangla skilt framme, men ytterlegare kontroll viste at bilen ikkje var omregistrart. Føraren vart premiert med eit førelegg på 2.550 kroner.