Mann har gått seg vill
Ein mann i byrjinga av 20-åra har gått seg vill ved Stemmevatnet. Mannen fekk eit migreneanfall på vegen, som gjorde at han ikkje fann vegen tilbake. – Politiet har vore i direkte kontakt med vedkommande, og er no på veg opp for å møte han på ein avtalt plass, seier operasjonsleiar Morten Kronen.