Uskadd og oppegåande
Ingen av dei to MC-syklistane skal vera skadd etter ei ulukke på Florvåg på Askøy. Den eine føraren skal ha køyrt inn i den andre. – Motorsykkelen har hatt låg fart, men begge velta. Sjåførane er oppegåande og uskadde, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.