Framleis utan straum
Kring 50 husstandar er framleis utan straum etter eit steinsprang i Arnafjorden i Vik.
Meldinga om straumbrotet kom like før klokka 19 i går kveld, og det sal vere store skader på linja som går frå Hustavnes til Arnafjord/Framfjord. Straumen er venta å vere tilbake i dag mellom klokka 11 og 12.