Sender hjul til USA
Saint Jean Wheels i Høyanger byrjar no å levere dei første hjula til USA, etter seks års arbeid med utvikling. I alt 250 hjul skal no sendast til den amerikanske bilprodusenten Chrysler. – Utover hausten vil det vere snakk om så mykje som 750 hjul i veka, fortel fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen.