Hopp til innhold

Huseigarar kan få flaumrekning

Med meir ekstremvêr må røyr og leidningar oppgraderast, og eit nytt framlegg kan styre rekninga mot huseigarane, ifølgje Dagens Næringsliv. Eit regjeringsutval har føreslått ei rekkje tiltak for å hindre skader som følgje av vass- og avløpsrøyr som ikkje toler mykje nedbør. Mellom anna kan bustadeigarar sjølv måtte betale for å flytte kommunale leidningar frå eiga tomt, noko kommunen har ansvar for i dag. Mange tomter kan bli umoglege å byggje på, meiner Huseiernes Landsforbund.