Hopp til innhold

Narkotika-sikta varetektsfengsla

Ein mann i 30-åra er varetektsfengsla i inntil fire veker med brev- og besøksforbod, sikta for å ha drive med kjøp og sal av større mengder narkotika i Sunnfjord. Politiet skal avhøyre ei rekkje personar som dei meiner er involverte, og kravde difor varetektsfengsling for å unngå at bevis vert øydelagd eller tukla med. Den sikta har samtykka til fengslinga.