Får koding som valfag
Lavik skule, Høyanger skule, Hafslo barne- og ungdomsskule, Luster ungdomsskule, Kvåle skule og Kaupanger skule får koding som valfag frå hausten. Elevane skal mellom anna lære korleis datamaskinar fungerer. – Programmering blir stadig viktigare og no skal ungdom få lære dette allereie på ungdomsskulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Total skal 46 skular i landet bli med på pilotprosjektet.