Fråteken førarkort etter kollisjon
Dei to bilane som stod ved inngangen til Lotetunnelen på nordsida hadde kollidert. Begge bilane vart henta av bilbergar, og tunnelen vart stengt, men er no opna igjen. Ingen kom til skade i kollisjonen, men ein av førarane er fråteken førarkortet. Politiet opprettar sak.