Hopp til innhold

Varslar nye reglar for friskular

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil mjuke opp reglane for friskular som vil kurse flyktningar. Det skriv dagen.no. Sygna vidaregåande skule i Balestrand fekk avslag frå Utdanningsdirektoratet på søknaden om å undervise flyktningar i norsk og samfunnskunnskap, fordi dei er friskule og ikkje har lov til å drive den type verksemd. Til avisa seier Sygna-rektor Joakim Hector at signala er så positive som ein kunne håpe på.