Har bygd radiobilhall
Fem kompisar frå Arna og Osterøy har laga innandørsbane for radiostyrte bilar. Dei nyttar eit tidlegare ammunisjonslokale i Garnes leir på om lag 500 kvadratmeter, skriv Bygdanytt. Dette skal vere det første permanente innandørs RC-anlegget på Vestlandet.