Vegen til Flåmsdalen er stengd
Aurland kommune har stengd vegen til Flåmsdalen på grunn av rasfare, det opplyser ordførar Noralv Distad. Vegen er stengd ved Geithusberget. Det regnar hardt i området, og det kjem mykje vatn ned frå fjellsida. – Vatnet er blanda med stein, så det er ikkje tilrådeleg å halde vegen open, seier Distad. Innbyggjarane som bur lenger inne i dalen er varsla, og bedne om å halde seg heime.