Hopp til innhold

Vil møte politimeisteren

Fylkesordførar Jenny Følling har bedt om eit møte med den nyutnemnde politimeisteren i distrikt Vest for å drøfte politireforma. Frå januar av blir Sogn og Fjordane og Hordaland samla i eitt felles politidistrikt, leia av Kaare Sognstad. Følling ynskjer òg å diskutere korleis dei saman skal utvikle politidistriktet.