POLITIET DIRIGERER TRAFIKK:
På riksveg 555 på Sotra er politiet på plass for å dirigera trafikken. Det er saktegåande kø. Frå Lyderhorntunnelen og hele vegen vestover til Straume på Sotra går trafikken i mellom 10 og 20 km i timen, ifølge tips. Ved Drotningsvik står køen til tider heilt stille. Det er også ein del kø frå Sotra mot Bergen, men desse køane løyser seg opp ved Sotrabroen.