Hopp til innhold

SLÅSTING PÅ BØMLO:

Ein person skada handa si i eit slagsmål på Bømlo i natt. Politiet vart kalla ut til staden klokka 01.50 i natt, men då vart det blitt roleg att mellom kamphanane. Det er uklart kva som har skjedd, men personen vart sendt til legevakta. Partane tek kontakt med politiet i ettertid om dei ynskjer å melda forholdet, skriv Haugaland og Sunnhordland politidistrikt i loggen.