Hopp til innhold

Lang ventetid på Lavik-Oppedal

Det er nærmast blitt ein helgetradisjonen i sommar. Nok ein gong er det kø og ventetid på ferjesambandet Lavik - Oppedal.

Lang kø ved Lavik

LAAANG KØ: Ferjekøen strekte seg over éin kilometer langs E39 på grunn av lang ventetid ved Lavik.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mange gonger tidlegare i sommar har det blitt meldt om køar og lange ventetider ved ferjesambandet Lavik - Oppedal på E39.

Slik er det også denne søndagen. Reiarlaget Fjord1 melder at det er omlag 1 times ventetid på Lavik-sida.

Ferjekø ved Lavik

VENTING: Bilistar på veg sørover på E39 måtte smørje seg med tålmod. Ventetida ved ferjeleiet på Lavik var over 1 time.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det vert ikkje sagt noko om årsaka til trafikkauken. Tidlegare har det vore knytta opp mot diverse arrangement som har trekt mykje publikum frå Hordaland.

Det er ikkje utenkjeleg at for eksempel Skåla Opp har lokka til seg ein del hordalendingar, som no må vere tolmodige på heimturen.