Hopp til innhold

I denne appen kan nordmenn sjekke inn 9000 stader – éin landsdel dominerer topplista

Nordmenn registrerer turane sine som aldri før. Her er lista over dei mest registrerte turmåla i landet. – Mange er konkurransestyrte, det er litt overraskande.

Brandsøyåsen i Florø.

POPULÆRT: Brandsøyåsen i Florø i Sogn og Fjordane er det mest registrerte turmålet i UT-appen.

Foto: Nils Skøld

Postkassar på fjelltoppar og andre turmål er eit velkjent konsept for dei fleste.

Det har etter kvart digital turregistrering også blitt.

Turistforeininga sin app UT har nemleg nettopp runda 1 million registreringar. Med innsjekkingar på over 9000 turmål over heile landet har appen blitt svært populær.

Vestlendingane toppar lista med flest turregistreringar.

– Det er heilt fantastisk. Vi har alltid vore glad i tur, sjå berre på den fantastisk naturen vi har, seier Sabine Koch i Bergen og Hordaland Turlag.

Ifølge Koch såg ein ei auke på 70 prosent i turmålregistreringar i 2020.

– Eg trur pandemien har gjort til at fleire har tatt naturen i bruk, som treningsarena og pusterom. Sjølv om samfunnet var stengt, var naturen alltid open.

Sabine Koch, Bergen og Hordaland Turlag

UT PÅ TUR: Sabine Koch er marknadskoordinator i Bergen og Hordaland Turlag.

Foto: Andre Marton Pedersen / Andre Marton Pedersen

– Folk er konkurransestyrte

UT er ein app der du kan «sjekke inn» og samle på turpostar, fjelltoppar, hytter og andre turmål over heile landet. Tidlegare var SjekkUT ein eigen app, men no er det ein funksjon i UT-appen.

Appen gir også moglegheit til å konkurrere med deg sjølv eller andre.

– For eksempel ved å nå ein viss topp så og så mange gangar, eller ved å nå alle toppar eller turmål i ei liste. Mange er konkurransestyrte, det er litt overraskande, ler Koch.

I appen finst det over 9000 turmål og hytter. DNT meiner appen gjer turmåla meir tilgjengelege ved å spreia informasjon om dei.

– Det gjer at endå fleire opplever glede og meistring i friluftslivet, seier generalsekretær i DNT Dag Terje Solvang.

Dette er dei ti mest registrerte turmåla

I Florø har Synne Åhjem nettopp nådd toppen av Brandsøyåsen torsdag kveld.

– Eg har blitt biten av basillen, så det blir ganske ofte. Toppen er så nær. Det er eigentleg berre å ta på seg skoa og springa, så er du kjapt oppe. Veldig «sutalaust», seier Åhjem om den mest populære turdestinasjonen i appen.

– Vestlendingane er i ein klasse for seg når det gjeld innsjekkingar, her har resten av landet noko å sjå opp til, seier generalsekretær Solvang.

Det ser ein også på lista over turmål. Alle dei ti mest populære turmåla i UT ligg på Vestlandet. Ni av ti ligg i Vestland fylke.

Brandsøyåsen i Florø

Brandsøyåsen i Florø.
Foto: Nils Skøld

Florø sitt mest besøkte turmål heile året – Åsen eller Brandsøyåsen. Ingen andre stader i landet har fleire sjekka inn i UT-appen enn her. Punktet ligg 293 meter over havet og gir ein svevande utsikt over Noregs vestlegaste by og havgapet. Toppen er det viktigaste turområdet i Flora kommune.

Talet på innsjekkingar: 13.477.

Liafjellet i Os

Vardetenning på Liafjellet i Flatanger
Foto: Johannes Børstad / NRK

Liafjellet er eit av dei mest brukte turområda i Os. Frå Storevarden på toppen, 259 meter over havet, er det utsikt mot Strøno, Halhjem, Austevoll, Sotra, Fitjar og Byfjellene i Bergen. Storevarden er bygd på ei freda gravrøys frå eldre jarnalder (500 f.Kr - 500 e. Kr).

Talet på innsjekkingar: 11.013.

Mjølkeflathytta i Lærdal

Mjølkeflathytta i Lærdal.
Foto: Inger Bakken

Mjølkeflathytta er ei dagsturhytte i Lærdal kommune i Sogn. Den heilårsopne hytta ligg 84 meter over havet og gir god utsikt over Lærdal, både mot Øyri og oppover til Ofta og Hauge. Utgangspunktet for turen ligg sentralt og gir deg ein lett tur i fjellsida på nordsida av Lærdalsøyri.

Talet på innsjekkingar: 7412.

Lyderhorn i Bergen

7-fjellsturen (Lyderhorn)
Foto: Christine Fagerbakke / NRK

Lyderhorn ligg 396 meter over havet og er det vestlegaste av Bergen sine sju fjell. Fjellet kan erobrast frå fleire kantar og på toppen ventar ei strålande utsikt over innseglinga til Bergen og øyane i vest.

Talet på innsjekkingar: 7355.

Dalsnuten i Sandnes

Dalsnuten. FOTO: Bjørn Grimen/NRK
Foto: Bjørn Grimen / NRK

Frå toppen av Dalsnuten nyter du utsikta over Sandnes og Jæren 323 meter over havet. Dalsnuten er den største «klassikaren» i Sandnes og er den mest vitja toppen på austssida av Gandsfjorden.

Talet på innsjekkingar: 6822.

Kolbeinsvarden på Askøy

Varde Kolbeinsvarden
Foto: André Marton Pedersen / André Marton Pedersen

Kolbeinsvarden på Askøy er øykommunen sitt høgaste punkt med sine 231 meter over havet. Frå toppen i øyriket har du utsyn i alle himmelretningar. Nordover ser du inn i Sogn, vestover forbi Øygarden og ut i havet. Mot sør kan du skimta Folgefonna og søraust ligg Bergen og Ulriken.

Talet på innsjekkingar: 6551.

Fløyen i Bergen

Bergen fotografert fra Fløyen onsdag 10.07.2019
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Den mest kjende utsikta over Bergen by finn du på Fløyen, eitt av dei sju fjella som omkransar byen. Med sine 399 meter over havet får du panoramautsikt over byen, øykommunane i vest og havet i horisonten. Ein av Bergens mest populære turdestinasjonar.

Talet på innsjekkingar: 6445.

Ulriken i Bergen

Oppstemten
Foto: Bergen kommune

Det høgaste av Bergen sine sju fjell er Ulriken på 643 meter over havet. Svært populær tur- og treningsdestinasjon heile året. I 2018 opna den nye trappestien, som har fått navnet Oppstemten, eit 750 meter langt trappeprosjekt med ein høgdeforskjell på 290 meter.

Talet på innsjekkingar: 6435.

Løvstakken i Bergen

Løvstakken.
Foto: Sabine Koch

Løvstakken er med sine 477 meter over havet det høgaste fjellet i Bergen vest for sentrum. Med si plassering gir det utsikt over alle Bergens bydelar, med unntak av Arna i aust. Eit vell av turstiar gir adgang frå ulike retningar og bydelar.

Talet på innsjekkingar: 6049.

Liatårnet på Sotra

Liatårnet.
Foto: Silje Valla

Liatårnet med sine 341 meter over havet er det høgaste øya Sotra i Øygarden kommune. Frå toppen er det storslagen utsikt over Sotra med sine øyer, lyngheier og myrer og vidare i alle himmelretningar.

Talet på innsjekkingar: 5839.