Han følgde kampen frå sidelinja, og kunne konstatere at den eine sjansen etter den andre hamna utanfor målet til Stabæk-målvakt Jan Kjell Larsen.
– Dette var rett og slett surt. I dag kunne Sogndal ha avgjort det heile til sin fordel og sikra vidare spel i eliteserien, meiner fotballeksperten.
Start tapte 1-3 for Odd Grenland, dermed har sørlendingane sju poeng opp til Sogndal. Taper dei for Fredrikstad komande laurdag, er Sogndal sikra ny kontrakt i eliteserien.
Sogndal heldt lenge presset oppe og etter 17 minutt kom fyrste målsjansen der Elvis utfordra Hedenstad i lufta. Minuttet etterpå fekk Brochmann sjansen men skaut rett på Stabæk-keeper Larsen. Det enda likevel med uavgjort til pause.
- FØLG: Kampen spark for spark
Enda mållaust
Også etter pause var Sogndal aggressive framover og Tore André Flo hadde meir enn ein sjanse til å sette ballen i mål. Etter det 64. minutt sendte fotballveteranen ei kule mot Stabækmålet men ballen gikk i stolpen.
Forsvaret til Sogndal sørga også denne kampen for få sjansar til motstandarane.
Heilt på tampen av kampen i det 88. minutt fekk Sogndal på ny ein kjempesjanse då Elvis lurte Stabæk-keeperen, sentra vidare til Brochmann som frå berre seks meters hald klarte å bomme på det opne målet.
- LES OGSÅ: Har vonde minner frå Stabæk
- LES OGSÅ: Møter Stabæk utan toppscorar