Valforskar Frank Aarebrot meiner det vil vere heilt naturleg om fylkespartiet stenger dei som vil stille til kommuneval med si eiga liste ute.
Men andre meiner at fylkespartiet vil vere forsiktige med å ekskludere fraksjonen frå Luster, Skjolden og Hafslo som vil stifte si eiga liste i protest mot at Luster Arbeidarparti vil vrake noverande ordførar Ernst Veum til fordel for Inger Marie Evjestad før det komande valet.
Få kjenner det politiske klimaet i Sogn og Fjordane betre enn Knut Henning Grepstad. Han trur fylkespartiet kan late utbrytarane bli i partiet, fordi det å stille med ei lista ikkje er det same som å stifte eit nytt parti.