Det var sorenskrivar i Indre Sogn tingrett, Steinar Velle, som torsdag gjekk ut og retta kraftig kritikk mot politiet, som han meiner favoriserer ressurssterke og forskjellsbehandlar fartssyndarar. Velle fann grunn til å reagere då ein advokat og ein anleggsarbeider begge vart målte til 126 kilometer i timen i 80-sona i Lærdalstunnelen.
Støtte frå statsadvokaten
Medan advokaten frå Sogn og Fjordane fekk ei bot på 6000, fekk anleggsarbeider Miguel Farlora ei bot på 8000 kroner og 14 dagar i fengsel. Og no får sorenskrivaren støtte av statsadvokaten i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdalen, Jan Hoel.
Går ikkje vidare i saka
Bortsett frå å påpeike at advokaten har vore heldig kjem ikkje Hoel til å føreta seg noko meir i denne saka. Det gjer ikkje Miguel Farlora heller til å gjere, sjølv om han føler seg urettferdig behandla.