Hopp til innhold

- Vi skal presse kvarandre til gull

Dei er venninner og konkurrentar. Til helga håpar dei begge å ta medalje i same øvinga under senior-NM i friidrett på heimebane på Byrkjelo.

Marte Rygg Årdal og Trude Raad

STERKE VENNINER: Marte Rygg Årdal og Trude Raad håpar begge på medalje under senior-NM på Byrkjelo til helga.

Foto: Anna Gytri / NRK

Trude Raad (21) og Marte Rygg Årdal (19), begge frå Gloppen, er to av dei største lokale medaljehåpa under NM i friidrett. Med heimepublikumet i ryggen håpar dei begge å kunne smykke seg med edelt metall når helga er over.

– Eg har masse sommarfuglar i magen. Det er litt fælt akkurat no, men eg reknar med at spenninga slepp taket når eg kjem meg i ringen, seier Raad.

– Eg trur vi kan bli ekstra gira sidan vi er på heimebane og har mykje familie og andre kjente som heiar på oss, seier Rygg Årdal.

Går til NM med ferske gull

Det er duka for deltakarrekord når startskotet for Noregsmeisterskapen i friidrett går i morgon. 376 utøvarar er påmelde, noko som er deltakarrekord for eit senior-NM.

Av dei lokale håpa er dei sterke glopparane Trude Raad og Marte Rygg Årdal. Raad er blant dei beste i Norge i slegge, diskos og kule og tok allereie som 16-åring sølv i slegge i NM. Då Rygg Årdal var 16 tok ho bronse i NM.

Seinast sist helg markerte dei to seg under junior-NM der dei begge kom heim med gullmedaljar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trude Raad

I AKSJON: Trude Raad i aksjon på ein tidlegare konkurranse.

Foto: Thore-Erik Thoresen/NFIF

– Jørund er viktig for oss

Når dei no får delta på senior-NM på heimebane trekk dei fram miljøet og trenaren som viktige årsaker til at dei er så gode.

– Eg har ein trenar som har støtta meg veldig godt opp og som alltid har vore med på trening. I tillegg har eg ein far som er veldig interessert, seier Trude Raad.

Trenaren ho snakkar om er Jørund Årdal, han er pappa til Marte Rygg Årdal og får æra for mykje av dei to jentene sin suksess.

– Pappa har eit enormt engasjement for alle friidrettsutøvarane i klubben, så han er veldig viktig, seier Marte Rygg Årdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marte Rygg Årdal

HÅPAR PÅ GULL: Marte Rygg Årdal håpar ho har dagen på NM på heimebane på laurdag.

– Vi pressar kvarandre

Dei to jentene er venninner både på trening og på fritida. Under konkurransar er dei kanskje konkurrentar, men ikkje av den bitre sorten.

– Det har betydd mykje for meg at Trude har vore så god. Eg har blitt inspirert av ho og eg har lært av ho, seier Marte Rygg Årdal.

Trude trekk fram at dei ofte klarer levere betre når dei er to.

– Vi er flinke til å presse kvarandre, seier sleggekastaren.

Og når dei to skal konkurrere til helga håpar dei begge på medaljar.

– Det hadde vore kjekt med medalje i slegge og har eg ein god dag kan det gå, seier Marte.

– Eg satsar på medalje i slegge og diskos. Dersom eg har dagen håpar eg og at eg kan ta medalje i kule, seier Trude.