Hopp til innhold

- Vel heller stranda enn museum

Musea i Sogn og Fjordane greier berre unntaksvis å vekkje kunstinteressa til folk, slik fotoutstillinga til Oddleiv Apneseth har gjort.

Direktør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum Morten Johan Svendsen

Direktør Morten Johan Svendsen

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

I sommar har besøkstala gått ned eller stagnert ved dei fleste musea i fylket.

Direktør ved Sogn og Fjordane kunstmuseum, Morten Johan Svendsen, seier det er vanskeleg å få folk til å velje kunstmuseum framfor å gå på badestranda.

- Det er jo slik at ikkje alle er interesserte i kunstutstillingar, mange vel heller badestranda eller ein tur på fjellet. Så vi er i konkurranse med mange andre og kunst er nok for dei litt meir interesserte. Men vi arbeider heile tida for at det skal komme flest mogleg til gode.

Nedgang fleire stader

Når sommarsesongen skal oppsumerast har dei fleste musea i fylket hatt ein nedgang i besøkstalet. Ved Sogn og Fjordane kunstmuseum har det vore over tusen færre besøkjande enn i fjor sommar. I underkant av 10 000 var innom musa i løpet av dei tre sommarmånadene.

- Det hadde vore kjekt viss trenden kunne gått andre vegen.

Sukess på Eikaasgalleriet

Fullt hus på Eikåsgalleriet under opninga til utstillinga til Oddleif Apneseth

Fullt hus på Eikåsgalleriet under opninga av utstillinga til Oddleif Apneseth

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I sterk kontrast står fotoutstillinga til Oddleiv Apneseth som sette rekord på Eikaasgalleriet med nesten tusen besøkande i helga. Likevel er det ikkje aktuelt for museumsdirektøren å utelukkande satse på utstillingar som trekkjer mykje folk, men han seier sviktande besøkstal kan få konsekvensar for satsingane neste år.

- Det kan det hende at det gjer, men vi skal drive folkeopplysning og vere pedagogiske og oppdragande i det vi gjer. Og vi er forplikta til å vise det som norske kunstnarar lagar.

- Sjølv om det ikkje alltid er det folk vil ha?

- Ja. Folk i Sogn og Fjordane må også få høve til å sjå kva som rører seg innanfor det feltet som kunstnarane eksperimenterer med, seier han.

To hadde oppgang

Berre Anders Svor-museet i Hornindal og Eikasgalleriet i Jølster hadde ein oppgang i sommar. Men utstillinga Corpus i Kunstmuseet i Førde har ikkje greidd å trekkje så mykje publikum som museumsdiretøren hadde forventa.

- Dårleg ver er bra for oss

Ved De Heibergske Samlingar - Sogn Folkemuseum har bussturistane svikta i sommar, men dårleg ver førte til at besøket likevel vart betre enn i fjor.

Direktør Aage Engesæther seier museet har satsa meir på den lokale marknaden.

- Vi har mykje lokale folk som kjem på besøk og dei har gjerne med seg gjester. Og ein sommar med dårleg ver er besøksmessig bra for oss.

Ønskjer cruiseturistar

Ved Sunnfjord Museum i Movika og Nordfjord Folkemuseum på Sandane har sesongen vore omtrent som i fjor. På Kystmuseet i Florø ynskjer Berit Høivik seg fleire cruiseturistar for å demme opp for sviktande besøkstal.

- Vi ser at det er lettare å få den type turistar opp hit.

Må evaluere marknadsføringa

Sogn og Fjordane kunstmuseum har brukt meir pengar i år enn nokon gong tidlegare på marknadsføring. Direktør Morten Johan Svendsen seier dei må evaluere om tiltaka har virka og vore verdt pengane når publikum likevel sviktar.

- Det er ei utfording å finne kanalane som når fram med den informasjonen om tinga vi viser.