Hopp til innhold

- Unødvendig krigserklæring

- Harry Mowatt bør bidra til dialog i staden for å yppe til strid, seier stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen.

Harry Mowatt
Foto: NRK

Mowatt har i eit innlegg i Fjordabladet skrive at Ludvigsen er like malplassert der han er no som der han var før, altså som direktør for Nordfjord sjukehus.

- Sår mistillit til sentralsjukehuset

Det starta med at Mowatt i Firda hevda at nordfjordingane driv ei medviten jobbing med usaklege verkemiddel, mytedanningar og feilaktig informasjon for å så mistillit til Førde sentralsjukehus.

Gunvald Ludvigsen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Bør trekkje seg

Det fekk Gunvald Ludvigsen til å hevde at Mowatt ikkje er skikka til å vere styremedlem i Helse Førde og at han bør trekkje seg. - Det ser ut til at han berre har blikket retta mot sentralsjukehuset, sa Ludvigsen til Fjordabladet.

- Samanhengande personangrep

Harry Mowatt svara med eit lesarbrev på nettsida til avisa, der han mellom anna skriv at "resten av intervjuet er eit samanhengande personangrep som eg ikkje ser nokon grunn til å kommentere, bortsett frå at det til fulle dokumenterer at Ludvigsen er like malplassert der han er no som der han var før".

Ludvigsen har permisjon frå stillinga som direktør for Nordfjord sjukehus medan han er stortingsrepresentant. Han meiner Mowatt bør gå i dialog med nordfjordingane i staden for å kome med krigserklæringar.

- Det motsette av dialog

- Måten Harry Mowatt uttalar seg på med å skjere alle nordfjordingar over ein kam er det motsette av dialog.

At Mowatt meiner han er like malplassert der han er no som der han var før vel Ludvigsen å la vere å kommentere. Og Harry Mowatt ville ikkje la seg intervjue av NRK om denne saka.