Hopp til innhold

- Uaktuelt med nye rapportar

Terje Riis-Johansen avviser kritikken om at han alt skal ha bestemt seg i mastesaka. - Men det vil snart skje, seier han.

Video c5cd8144-d43b-4d38-aa36-41bdff8b94a9.jpg

For ti dagar sidan la fire uavhengige ekspertutval fram rapportane sine om sjøkabelalternativet langs Hardangerfjorden.

I dag var kommunar, nettselskap og frivillige organisasjonar inviterte til eit høyringsmøte med Terje Riis Johansen, der dei fortalde kva dei meiner om rapportane.

Ordførar i Ulvik, Mona Hellesnes (V), tolkar dei som støtte for den sterke motstanden mot den planlagde kraftlina.

Mona Hellesnes

Ordførar i Ulvik, Mona Hellesnes (V)

Foto: Kjetil Rydland/NRK

- Me ber statsråden innstendig om å ta innover seg det me no har fått dokumentert gjennom desse rapportane, seier ho.

LES OGSÅ: - Bygg kraftlinje snarast

Fryktar råkøyring

Leiar i Noregs Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, har ikkje tillit til at regjeringa lyttar til utvalsrapportane.

- Eg fryktar at dette er eit spel for galleriet, seier han.

Han meiner saka fram til no har vist at dei ikkje har grunn til å tru på Statnett eller Olje- og energidepartementet.

Lars Haltbrekken

Leiar i Noregs Naturvernforbund Lars Haltbrekken

Foto: Kjetil Rydland/NRK

- I fjor sommar sa dei at det hasta å få på plass liner. Ekspertutvala seier det ikkje hastar. Når Olje- og energidepartementet seier at energieffektiviseringa og opprustninga av dagens nett ikkje vil løysa problema, så har ikkje me grunn til å stola på dei, seier Haltbrekken.

Han krev ei ny, uavhengig utgreiing.

- Me fryktar at Riis-Johansen vil køyra igjennom dette i ekspresstempo, seier han.

LES OGSÅ: - Bare et spill for galleriet

Reporter Leif Rune Løland

- Heilt reelt

Energiministeren fekk i dag servert det meste av argument i saka. Felles for innlegga var at alle tolka ekspertutvala til fordel for si sak. Riis-Johansen meiner møtet er viktig, men vedgår at han hadde hørt det meste før.

- Ein del av dette har blitt diskutert før. Nokre nyanser er det nok, men dei skal eg ta med meg inn og vurdera i ro og mak, seier han.

Og han vil ikkje gå med på at dette er eit spel for galleriet.

- Nei, det er heilt reelt. Det er litt ulike inngangar til kor alvorleg ein tar alvoret. For meg handlar det om å løysa desse spørsmåla medan det framleis er ein normal situasjon i Bergen, - ikkje etter at det er semje om at det er ein krisesituasjon, seier ministeren.

Skal gå raskt

Mange argumenterer no at det ikkje er behov for ei line gjennom Hardanger-landskapet. Men Riis-Johansen seier han i vår vil bestemme seg for sjøkabel eller master.

- Å utsette avgjersla er ikkje aktuelt. Dette skal gå raskt, men nokon dato har eg ikkje, seier han

For meg handlar dette om å løysa desse spørsmåla medan det framleis er ein normal situasjon i Bergen, ikkje etter at det er semje om at det er ein krisesituasjon,

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen

Høyringsmøte master

Kommunar, nettselskap og frivillige organisasjonar møtte i dag olje- og energiministeren i høyringsmøte om mastene i Hardanger.

Foto: Kjetil Rydland/NRK