- Uakseptabelt og uetisk

Pasientombod reagerer på bruk av sørgjeband ved sjukehus.

Ove Mjåtveit

REAGERER: Pasientombod Ove Mjåtveit meiner framferda til sjukepleiarane i Lærdal er uprofesjonell og uetisk. Foto: Brit Jorunn Svanes

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Dette synest eg er uprofesjonelt og uetisk. det å bruke sørgjeband er ikkje akseptabelt. Det er eit altfor sterkt symbol, seier Ove Mjåtveit.

Han er pasientombod i Sogn og Fjordane, og er uroa over at sjukepleiarane ved Lærdal sjukehus markerer misnøye ved å bruke sørgjeband på arbeid - fullt synleg for pasientane.

Fylkeslegen reagerer

Helse Førde innlemma i førre veke overvakingsavdelinga i ei anna avdeling. Sjukepleiarane ved Lærdal sjukehus meiner bemanningssituasjonen er prekær, og samanslåinga har møtt stor motstand i Lærdal.

LES ÒG: Sjukepleiarar med sørgjeband

Direktør Arve Varden ved medisinsk klinikk i Helse Førde har tidlegare gått ut mot aksjonsforma ved sjukehuset.

- Det er grunn til uro over at samarbeidsforholda er så dårlege i ein organisasjon som yter helsetenester, seier fylkeslege Petter Øgar.

Fryktar fleire aksjonar

Pasientombod Ove Mjåtveit viser til at konfliktnivået i saka verkar å vere høg. Han er redd det kan få vidare konsekvensar.

- Eg fryktar at ein tek i bruk andre metodar som å gå sakte og å vise dårleg humør overfor pasientane. Eg er redd heile situasjonen går utover konsentrasjonen til dei tilsette, seier Mjåtveit.