Hopp til innhold

Sjukepleiarar med sørgjeband

Sjukepleiarar ved Lærdal sjukehus markerte omstridd omorganisering ved å gå med sørgjeband på jobb.

Lærdal sjukehus
Foto: unknown / NRK

Helse Førde har slege saman avdelingar for å spare pengar, noko som har møtt stor motstand i Lærdal.

- Å bruke sørgjeband for å markere motstand er ikkje akseptabelt, seier direktør Arve Varden ved medisinsk klinikk i Helse Førde.

Arve Varden

- Ikkje greitt, seier klinikkdirektør Arve Varden om markeringa på sjukehuset.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- På generell basis meiner eg at alle markeringar og politiske ytringar i sjukehuset ikkje er greitt. Det har med at pasientane som ligg på sjukehus skal vere skåna for ytringar av ulik karakter, seier Varden.

- Ikkje høve til slike markeringar

Sjukepleiarar meiner bemanningssituasjonen ved Lærdal sjukehus er prekær, og då Helse Førde i førre veke innlemma overvakingsavdelinga i ei anna avdeling, vart arbeidspresset for sjukepleiarane endå større.

Det var då enkelte reagerte med å gå med sørgjeband på jobb. Fylkesleiar Oddgeir Lunde i Sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane har heller ikkje noko sans for at tilsette markerer frustrasjon på denne måten.

- I høve yrkesetiske retningsliner har sjukepleiarar eit ansvar for å opptre på ein fagleg og verdig måte. Det er klart at ein ikkje har høve til å gjere ting som kan støyte pasientar.

Dermed seier Lunde at sjukepleiarar ikkje har høve til å utføre markeringar som denne når dei har med pasientane å gjere.

Granskar markeringa

- I utgangspunktet så skal det ikkje vere høve til det. Helse Førde har eit uniformsreglement, og det er lokal leiar som er ansvarleg for det som reglementet då seier.

Albert Olav Fedje, ansvarleg for medisinsk avdeling Lærdal sjukehus, stadfestar å ha sett pleiarar med sørgjeband, men vil ikkje gå ut med namn på nokon av dei som aksjonerte. Ut over det ønskjer han ikkje å kommentere saka.

Pleiarane har så langt ikkje fått noko reaksjon på det det har gjort, men direktør Arve Varden seier dei følgjer opp for å finne ut kva som skjedde.