Oddbjørn Bukve, professor i organisasjon og leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, meinar kommunar må tvingast til å slå seg i hop.
– Viss ein slår saman kommunar, vil ein mykje betre kunne samordne dei tenestene innbyggjarane i fylket treng. Det vert for mykje konkurranse og krig mellom kommunar slik det er i dag.
– Må ein tvinge kommunane til å slå seg saman ?
– Ein mild pisk trur eg vi bør ha.
Kaos
Men så lenge Liv Signe Navarsete er kommunalminister er det ikkje aktuelt å bruke tvang for å slå saman kommunane. Det sa ho seinast to dagar etter ho tok over som kommunalminister.
Halvor Gregusson, prosjektleiar i Kunnskapsparken, meiner strukturane må endrast her i fylket.
– Vi har mykje kaos i strukturane her i fylket. Prøver du å få ein oversikt, mister du veldig fort biletet. Det er vanskeleg å kunne samarbeide i dei strukturane, når det alltid er nokon som har noko dei skal seie på dei andre.
Held på sitt
Ministeren held fast på det ho sa andre dagen i statsrådstolen.
Foto: NRKMen statsråden held fast på sitt og vil ikkje tvinge kommunane til å slå seg saman, seier Navarsete..
– Folk må slutte å bruke kommunestrukturen som ei orsaking for å ikkje få ting til.
Ministeren meiner folk ikkje kjem til fylket på grunn av eller på trass av kommunestruktur, men at dei finn kvalitetar ved lokalsamfunnet som dei ønskjer seg.
Fekk ikkje svar
Også Ungdommens fylkesting meiner det må bli færre kommunar her i fylket.
På eit seminar i Sogndal i dag stilte dei spørsmål til Liv Signe Navarsete om kva gulrot ho vil bruke for å slå saman kommunar.
Styremedlem Tore Storehaug i Ungdomspolitisk utval fekk ikkje svar frå kommunalministeren
– Eg vart litt skuffa, for ministeren sa ingenting klart. Og spørsmålet var veldig direkte stilt.
– Så eg hadde ønskt at ho sette meir fokus på dei gulrøtene som ho burde kome med, no som ho tydeleg har sagt at ho ikkje vil bruke pisk.
Storehaug er skuffa over Navarsete ikkje tek oppfordringa frå grasrota om kommunesamanslåing på kommunane sine premiss.
– Ho burde ta signala og ha fokus på det.