Hopp til innhold

- Turistane likar attgroing

Forskar meiner turistane likar at busker og kratt er i ferd med å ta over gamle beiteområder. Berre det ikkje blir for mykje av det.

Bjørkeskog
Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

- I utgangspunktet er mange utlendingar, spesielt dei som kjem frå dei store jordbruksområda i Europa, opptekne av at her i Norge er det motsett. Her er det mykje skog og dei likar i utgangspunktet skog, seier forskar Bjørn Egil Flø ved Norsk Senter for Bygdeforsking.

Han forklarer:

- Dei ser ikkje nødvendigvis at landskapet held på å gro att. Dei ser heller at landskapet i utgangspunktet er autentisk - men at bøndene held på å utvide, seier han.

- Fortel historia vår

Landskapet mange stader i landet endrar seg i takt med mindre bruk av beite, slik at busker og kratt veks til overalt.

Landbruket har fokus på dette, og det same har reiselivsnæringa som er redd attgroinga vil gjere Norge mindre attraktivt for turistar. Flø meiner til dømes eplehagar som gror att viser historia til landskapet og menneska som har budd der.

- Det gir ei autentisk forteljing, seier Flø.

- Alpefolk reagerer

Men sjølv om utanlandske turistar legg mindre vekt på kulturlandskapet enn nordmenn flest, finst dei som ser verdien av å halde landskapet ope.

- Sveitsarar, austerrikarar og alpefolk; dei som kjenner attgroingsproblematikken frå sin eigen heimstad, dei forstår problematikken som nordmenn, seier Flø.

- Må ikkje gå for langt

Men sjølv om attgroinga til no ikkje har verka negativt inn på reiseopplevinga til utanlandske turistar, betyr ikkje det at ein har råd til å late landskapet gro heilt att, seier han.

- Det er veldig farleg om det gror att. For om det skjer forsvinn det utlendingane ser og set pris på. Då forsvinn kontrastane og spora etter folk, seier Flø.