Hopp til innhold

- Trist at bygda blir utan hotell

Ordførar Marta Finden Halset i Vik tykkjer det er leitt at hotellet i Vik ikkje blir bygd opp att. – Dette er trist, for vi treng eit hotell.

Marta Finden Halset

SKUFFA ORDFØRAR: Marta Finden Halset seier at kommunen treng eit hotell.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Brann ved Hopstock hotell

TOTALSKADD: 65 gjester var evakuerte og hotellet fekk store skader i brannen natt til 28. mai.

Foto: Ingrid Elina Røyrvik
Vik sett fra Kyrelvstupet

UTAN HOTELL: Bygda må no klare seg utan hotell i lang tid framover.

Foto: Bjørn Sæbø

I mai i år blei Hopstock hotell totalskadd i ein brann.

Hotelleigar Carl Andre Riiber seier at han ikkje har nok pengar til å byggje nytt og har i staden takka ja til eit kontantoppgjer frå forsikringsselskapet.

Dermed står Vik utan hotell i lang tid framover.

– Ja, desverre ser det slik ut, seier ordføraren.

Kan ikkje hjelpe økonomisk

Kommunen står på Robek-lista til Fylkesmannen og Finden Halset seier at dei er ute av stand til å gjere noko som helst når det gjeld pengar.

– Vi har desverre ikkje så mange moglegheiter når det gjeld å trø til med pengar, men vi vil sjølvsagt gjere det vi kan for å tilretteleggje når det gjeld reguleringsplanar og tomter.

– Langt fram

No seier ho at dei må prøve å få tak i folk som er villige til å investere i hotell.

– Vi må gjere det vi kan for å få eit hotell i bygda, og det er ikkje gjort over natta. Det er langt fram, for å seie det slik.

– Er du skuffa over at Riiber ikkje vil byggje opp hotellet?

– Vi har hatt ein god dialog. Vi har hatt gode tankar og kreative idear, men det ser ut til at det strandar økonomisk. Eg hadde håpa at han ville byggje opp hotellet, men han står fritt til å ta sine val. Men eg vil understreke at vi har hatt eit god samarbeid.

– Kva vil det bety dersom Vik ikkje får eit overnattingstilbod?

– Kommunen treng eit hotell, i alle samanhengar.

Mangla 15 millionar

Vik kommune har vedteke ein plan om om promenade, gjestehamng og badepark ved fjorden. Riiber hadde tenkt å leggje det nye hotellet ved fjorden. Men ifølgje han sjølv mangla han 15 millionar kroner på å få det til.

– Det er desverre pengane som styrer i dei fleste samanhengar. Vi har ikkje anna å gjere enn å respektere valet hans, og dette blir ein ekstra utfordring for kommunen å finne ut korleis vi skal dra til oss kreftar som har lyst å etablerer eit hotell her. I desse dagar er ikkje dette så enkelt.

– Gleda oss

Hotellet har blitt nytta som kommunstyresal og det har vore ein samlingsplass i bygda.

– Brannen kom som eit sjokk på oss. No gleda vi oss til å få til noko på strandtomta, men vi får sjå kva det blir til i framtida.