Jarle Nundal. Arkivfoto
For tre veker sidan måtte Nundal beklage korrupsjonsutsegnene til Olafur Sveinsson etter bortekampen mot Drammen. I helga vart Sveinsson utvist, og styreleiar Nundal må nok ein gong beklage oppførselen til islendingen. No lovar handballeiaren meir fokus på korleis islendingen oppfører seg på benken. - Olafur er ein veldig engasjert trenar, han er rettferdig, og når han ikkje kan kontrollere reaksjonane sine, må vi ha litt fokus på det, og det er Sveinsson samd med oss i, seier Nundal.
- Ikkje fleire raude kort
Men det er ikkje tvil om at Sveinsson framleis skal vere hovudlagleiar.
- Sjølv om det blir fleire raude kort?
- Eg trur ikkje det blir fleire raude kort. Vi har snakka gjennom det som skjedde i Årdalshallen i kampen mot Skrim, då Olafur Sveinsson fekk raudt kort av dommarane. Vi er samde om at vi saman skal greie dette og bevise at det er mogeleg.
Har fått opp treningskulturen
- Olafur Sveinsson har sidan han kom til Årdal 1. august fått skikkeleg sveis på treningwkulturen vår. No driv vi idrett, i motsetnad til tidlegare då vi dreiv med fysiks trening og mosjonsidrett. Eg er overtydd om at dette vil gi resultat for Jotun Handball i andre del av sesongen, seier leiar Jarle Nundal.
Møter gamletrenaren
Laurdag møter Jotun Årstad med tidlegare Jotun-trenar Stig Jøsendal som lagleiar til seriekamp i Laksevåghallen, og Jarle Nundal håpar at fokuset då blir flytta frå trenarbråk til det som skjer ute på parketten.