Hopp til innhold

- Små skulehus er ikkje framtida

Åslaug Krogsæter meiner nostalgi ikkje høyrer heime i skuledebatten.

Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.

Åslaug Krogsæter

Åslaug Krogsæter utdanningsdirektør hjå fylkesmannen skriv i bloggen sin at det aller viktigaste er å ha fokus på kva som er best for borna. og ho skriv vidare at nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.

Fleire småskular i fylket er nedlagde eller nedleggingstruga. Og regjeringa vil finne ut kvifor dette skjer.

- Burde halde seg for god for dette

Eli Bjørhusdal

Eli Bjørhusdal reagerer på innlegget i bloggen hjå fylkesmannen.

Foto: Marit Aa. Tennø

Men ho møter motstand på innlegga som er komne etter at bloggen vart lagt ut.

Eli Bjørhusdal, forskar og aktiv i debatten om bygde-Norge, meiner at setninga «nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida» er eit heilt tydeleg signal på kva Krogsæter meiner.

For Bjørhusdal skriv:
«Tenk dykk no om denne setninga hadde vore bytt ut med: “Liberalistiske tankar om svære sentrumsskular gagnar ikkje framtida”. Respektfullt? Balansert? »

Ho meiner dette er «ei oppvisning i tendensiøs bruk av stråmenn, noko eg synest fylkesmannen skal halde seg for god til»

Kartegg dei tre siste åra

Arbeidet med å kartlegge årsakene til at så mange skular vert nedlagde er i gong, og det er fylkesmannen som står i bresjen for det her i fylket. Fylkesmannen hjelper Utdanningsdirektoratet med å kartleggje årsakene til skulenedlegging i dei tre siste skuleåra.

Målet er å finne årsakene og konsekvensane av skulenedlegging.

Fleire årsaker til at skular forsvinn

Her kan du lese kva Krosæter skriv om skulenedlegging

Krogsæter skriv at ho trur resultatet av undersøkjingane vil vise at det er samansette årsaker til at skular vert nedlagt. Ho peikar mellom anna på at dårleg økonomi fører til at mange kommunar ikkje har råd til å ha skular i alle bygder. Men låge elevtal meiner ho også er ei av årsakene.