For medan Hordaland vil få ein befolkningsauke på størrelse med heile Sogn og Fjordane, vert fylket knappe 2000 fleire i 2030.
- LES OGSÅ:
– Må ikkje gå inn i depresjon
Fylkesordførar Nils R. Sandal seier tala er skremmande, men vil likevel ikkje gje opp.
– Det er ikkje hyggelege prognosar framover. No er det er viktig at vi ikkje går inn i depresjon, men at vi tvert imot jobbar ytterlegare for å motverke desse tala.
Områda rundt Bergen veks
For prognosane er svært negative. Som einaste fylke, utanom Finmark, vil Sogn og Fjordane ha minimal befolkningsauke fram mot 2030. Bergens Tidende har lagt fram tal frå statistisk sentralbyrå som viser at Bergen vil tappe områda rundt for busetnad.
– Det er for så vidt skremmande tal, men ser vi isolert på Hordaland, så er det områda kring Bergen som veks enormt. I indre Hordaland er det same problema som vi har. Det berre understrekar at sentraliseringskreftene er sterke.
– Kunne vore verre
KUNNE VORE VERRE: Gruppeleiar for Sp i fylket, Jenny Følling, trur utviklinga kunne vore verre.
Sjølv med desentraliseringa sin fremste forkjempar i regjering, vil kommune etter kommune misse innbyggjarar. Gruppeleiar for Sp i fylket, Jenny Følling, trur det kunne vore enda verre.
– Det kunne vore ei meir negativ utvikling om ein ikkje hadde hatt eit parti som meiner det er viktig med desentralisering.
– Må gi handlingsrom
SPELEROM: Høgre-topp Noralv Distad trur det viktigaste er å gi handlingsrom.
Foto: pressefoto, HøgreHøgre-topp Noralv Distad meiner ein har for stor tru på politiske virkemiddel.
– Ein kan ikkje gjere vedtak om at vi skal ha desentralisert utvikling i landet. Det viktigaste er å gj tilstrekkeleg handlingsrom lokalt og gi spelerom for næringslivet.
Trur ikkje slaget er tapt
Trass svært dystre framtidsutsikter nektar Sandal for at slaget er tapt.
– På ingen måte. Her må vi berre gå med krum nakke og sjå kva moglegheiter vi har og gjere noko med dei. Greier vi det, er sjansen for at også vi kan lukkast.
Kan den negative trenden snuast? Har du forslag til korleis? Sei di meining i kommentarfeltet under tabellen.