Hopp til innhold

- Skal bli eit sporty luksushotell

Den nye hotelldirektøren set seg høge mål når han overtar Tørvis Hotell i Marifjøra.

Bård Huseby med familie

Bård Husebø flyttar frå Ringerike til Marifjøra i slutten av juni. Han tar med seg heile familien.

Foto: Privat

Bård Huseby frå Hole i Ringerike flyttar med heile familien til Marifjøra neste månad. Men noko bakgrunn frå hotellyrket har han ikkje.

Tar med heile familien

- Nei, men eg har jobba mykje innanfor restaurantbransjen. Og eg skal love deg at vi skal bygge opp ein flott restaurant på Tørvis.

Huseby har ingen relasjonar til Luster. Likevel har han teke imot tilbodet frå dei nye eigarane om å drive hotellet. Dermed tar han med seg heile familien til vetle Marifjøra.

- Vi gler oss som nokre ungar, seier mannen med kone og to born.

- Dette er jo ein av dei vakraste plassane i Norge, ja kanskje i heile verda.

Millionar til oppussing

Fram til opninga, som finn stad mai neste år, skal hotellet gjennom ei skikkeleg renovering.

- Vi kjem til å bruke ein stad mellom 10 og 15 millionar kroner på oppussinga. Det blir 33 rom med høg standard. Vi har litt lyst å bli eit sporty luksushotell med sporty gjester, seier Huseby.

Passasjerbåt

Passasjerbåten "Maria"

Passasjerbåten 'Maria' er oppkalla etter dottera til den nye hotelldirektøren.

Foto: Bård Huseby

Dei nye eigarane har også kjøpt ein ny passasjerbåt.

- Vi kjem til å starte opp ei passasjerrute som skal gå frå hotellet via Urnes og så til Feigumfossen. Det blir også mogleg for private å leige båten, seier han.